selolje mot leddsmerter
Premiert forskningsbidrag i indremedisin - Selolje
Seloljebehandling av pasienter med leddsmerter
Kilde: Universitetet i Bergen 17.1.04

Institutt for indremedisin har oppsummert forskingsåret 2003 gjennom ein posterpresentasjon på instituttet. 32 prosjekt deltok, og ein bedømmingskomité kåra tre verdige vinnerar som fekk pengepremiar for dei beste posterane.

Selolje mot leddsmerter
Andreprisen vart vunne av Gülen Arslan for eit prosjekt som tok for seg bruk av selolje i behandling av pasientar med leddsmerter og inflammatorisk tarmsjukdom. Behandlinga vart testa på ei gruppe pasientar, medan ei anna gruppe fekk placebo i form av vanleg soyaolje. Det synte seg at pasientane i den første gruppa hadde signifikant reduserte leddsmerter etter behandling med selolje.